Samarbeids- partnarar
KS Bank
SKL
Reisemål Folgefonn
iDrift AS
Rosendal Fjellstreif
Folgefonn Feriegard

Kvista turløyper

Kvinnherad Turlag i samarbeid med Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps har kvista turløyper i Fjellhaugområde.
 
Klikk på bilete for full storleik
Bildetekst: Kvistarar klare i Fagnabotn

Kvinnherad turlag i samarbeid med Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps har kvista og skilta dei mest brukte løypetraseane i Fjellhaugen. Frå toppen av skitrekket kan ein følgja kvistane til Ingahogg. Frå den nedre parkeringsplassen i Fjellhaugen Skisenter (Bjørkestølen) går det løyper til Nautavatnet, Ingahogg og via Nesjastølsvatnet/Nautavatnet til Skadvatna/Skadheia. Såleis kan ein gå kvista rundløyper frå skisenteret om Ingahogg til Nautavatnet og tilbake til Fjellhaugen og om Nesjastølsvatnet til Nautavatnet og tilbake til Fjellhaugen (nedre p.-plass). Turlaget og Hjelpekorpset ønskjer alle god tur.

 

Klikk på linken nedanfor for kart med løyper.

 
 

Kvinnherad Røde Kors er tilstades kvar dag i påsken og kan svare på spørsmål om løyper og istilhøve på vatna.  Imidlertid kan istilhvøva endra seg raskt, og all ferdsel er på eiga ansvar og det må utvisast varsemd.

 
 
Kart med innteikna turløyper
 
 
  Tilbake

 

Utvikla av iDrift AS     20©06 Fjellhaugen skisenter