Eige barnetrekk, 120 m langt NB! Vi har dessverre ikkje utleige av ski og utstyr.
Ordinære opningstid for alpinanlegget
Onsdagar: kl. 17.30 - 21.00 Lørdagar: kl. 10.00 - 16.00 Søndagar: kl. 10.00 - 16.00 NB ! Køyring for grupper andre dagar etter nærare avtale. BRØYTING Vegen frå Matrekrysset til skisenteret skal vera brøyta i tidsrommet mellom kl. 09.00 og 21.00. Utanom denne tida kan ein ikkje garantera at det vil vera framkomeleg. Kiosk I opningstida for skitrekket er det kiosk med sal av brus, sjokolade og varm drikke. Når det er skirenn, vil idrettslaga ha kiosk-sal i varmestova på skistadion. Varmestover/toalett Ved skistadion er det toalettanlegg og varmestove. I opningstida for skitrekket kan ein også nytta Røde Kors-hytta som varmestove. Turterreng Ved Fjellhaugen Skisenter står ein ved terskelen til store turområde som strekkjer seg heilt inn til den sørlege delen av Folgefonna. Her er det såleis mogleg å leggja opp til fine dagsturar som kan tilpassast den forma ein er i. Kvistløyper Dei mest brukte skiløypene vert kvista. Nærare opplysningar og orientering om turterrenget får ein i billettbua ved skitrekket. Kart Gradteigskart Kvinnherad - Blad 1214 I Sjå i menyen til venstre for prisar! |