Velkommen til Fjellhaugen!

Ein plass for meg og deg!

Prisar

Fjellhaugen Skisenter

Kart over ljosløypa og alpintrasèane våre :)
Fjellhaugen Skisenter ligg omtrent 500moh og midt i vakre Kvinnherad kommune. Følg fv.48 til Best-stasjonen i Dimmelsvik, og følg skiltinga oppover så er ein plutseleg i eit lite skiparadis! Alpinbakke, ljosløype, turløyper, stor parkering og moglegheit for tilkobling til straum for bubilar er nokre av tilboda ein kan benytte seg av. Prisar finn ein her.
Opningstidene våre i alpintrekket og barnetrekket er:
Kveldskøyring onsdagar 17.30 – 21.00
Laurdagar 10.00 – 16.00
Sundagar 10.00 – 16.00

Følg med på Facebook-sida vår om det er ope – evt. ta kontakt på telefon/Messenger :)
Ljosløypa har lyset på til kl. 23, og er tilgjengeleg heile døgeret dersom ein brukar hovudlykt. Det same gjeld akebakkane.

Lenkje til vêrstasjonen vår finn du her
Lenkje til GPS-sporinga av løypene våre finn du her

Opningshelg!!

Dette har vi gleda oss til!!!Skitrekket er ope frå kl. 10.00 - 16.00 laurdag 12.02.22 og sundag 13.02.22.Vi ber om at dei som skal kjøpe skikort, løypeavgift eller betale for parkering gjer dette i luka på oppsida av varmebua. Då slepp vi unødvendig oppsamling av personar inne i varmebua. Smitteførebygging Covid-19...

Les mer
  • Kiosk
    I opningstida for skitrekket er det kiosk med sal av brus, sjokolade og varm drikke i varmestova.
  • Varmestover
    Ei ved skitrekket og ei ved stadion. Den ved skitrekket er bare open når trekket er åpent, eller når det er trening i lysløypa.
  • Turløyper
    Dei mest brukte skiløypene vert kjørt opp når dette er mulig. Nærare opplysningar og orientering om turterrenget får ein i billettbua ved skitrekket.